Erfaringsmessig ser ein at mange opplevar at akupunktur lindrer allergiplager både ved sesong allergi (pollenallergi) og heilårs allergi. Allergi kan behandlast heile året, men er det sesong allergi er det lurt å starte behandling 3 månader før sesongstart. Det er og mogleg å behandle allergiplagene ved utbrot, men ein får best effekt jo før i sesongen ein starter behandling. Det er og lurt å få nokre behandlingar med akupunktur sist på sommaren (august månad), då kroppen er veldig mottakeleg for styrkende behandling då.

Vi deler allergi inn i kronisk allergi (støv, dyrehår, tobaksrøyk mm) og sesong bestemt allergi (pollen, gress). Ein ser ofte at folk med allergi kan ha redusert immunforsvar, astma, biholebetennelse og stress Innan kinesisk medisin tek ein alltid utgangspunkt i sjukdomsbildet. Det er difor viktig med grundig journalopptak der ein ser på tunga og kjenner på pulsen. Det er her viktig å ikkje pusse tunga innan ein skal i akupunkturbehandling. Dette fordi farge og mengde belegg på tunga er eit viktig diagnosebilde og er med på å bestemme kva for akupunkturpunkter som brukast i behandlinga.

Del dette: