Førebyggjande behandling av influensa

No nærmar seg tida for influensa og influensaliknande symptom som forkjøling, hoste, hovudpine, tette biholer, muskelsmerter og feber. Eg har god erfaring med at akupunktur lindrar desse symptoma.

Innan kinesisk medisin tek ein alltid utgangspunkt i sjukdomsbildet. Ved første behandling stiller eg ein del spørsmål og fører ein grundig journal, kjenner på pulsen og ser på tunga. Det er viktig å ikkje pusse tunga innan ein skal i akupunkturbehandling. Dette fordi farge og mengde belegg på tunga gir eit viktig diagnosebilde og er med på å bestemme kva for akupunkturpunktar som brukast i behandlinga.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon omkring førebyggande behandling av influensa

 

Del dette: