Brystkreft er den forma for kreft som rammar flest kvinner. I 2013 fekk 3220 kvinner brystkreft, nesten 9 av 10 kvinner som rammes er i live 5 år etter dei dekk diagnosen. I tillegg får eit relativt beskjedent antall menn diagnose (Kjelde: kreftregistreret.no).

Brystkreft er ein alvorleg diagnose, men prognosene for overleving er stadig betre. Behandlinga er kirurgi, cellegift og strålebehandling. Ikkje alle må ha alle tre behandlingsmetodene. For ei gruppe av brystkreftpasientar må det også behandlast med antiøstrogenbehandling. Denne behandlinga vil medføre overgangsalder med bl.a. hetetokte, søvnvanskar, nattesvette og tørre slimhinner. Legespesialistene frårådar bruk av tilskudd som urter og helsekostpreparat for denne pasientgruppen for å være sikre på at østrogennivåa vert haldne låge fordi høge østrogennivå aukar faren for tilbakefall av brystkreft.

Studier ved Henry Ford Hospital i Detroit og ved Sjukehuset i Vestfold har vist at reduksjon av hetetokte og nattesvette vart halvert etter behandling med akupunktur og gav betre resultat enn for kvinnene som vart behandla med konvensjonelle metodar. Akupunktur gir ikkje risiko for å auke østrogennivåa. Kreftbehandling fører også til biverknadar som kvalme, søvnproblem og svimmelheit. Pasientgruppa som fekk akupunktur hadde klar reduksjon av desse plagene. Det vart dessutan rapportert om betring av livskvalitet.

http://www.akupunktur.no/asset/1443/1/1443_1.pdf

Del dette: