Langvarig bruk av hormontilskot mot plager i kvinners overgangsalder er forbundet med helserisiko. Mange kvinner leiter difor etter alternative behandlingsmetodar.

Ein norsk studie utført av forskarar frå Tromsø, Bergen og Oslo i 2006 – 2007 viser at akupunktur kombinert med livsstilsråd har god effekt på overgangsplager hos kvinner. Resultata viser at behandlinga kan gje reduksjon i frekvens og intensitet av hetetokte og auke den helserelaterte livskvaliteten hos kvinner i overgangsalder. Les artikkelen i tidsskrift for norsk legeforening ved å bruke denne lenken. www.tidsskriftet.no/article/1809939

Det vart seinare gjort ein oppfølgingsstudie som rapporterte resultat etter 6 og 12 månader. Studien viste at dei signifikante forskjellane som vart sett etter 12 vekar ikkje lenger var til stede etter 6 månadar, men at akupunktur gir ein raskere reduksjon i hetetokte og auka livskvalitet hos kvinner med overgangsplager, men at det mest sannsynleg ikkje har langtidseffekt. Det anbefales difor at ein tek ein oppfølgande behandling med jamne mellomrom.

Les studien her.

Del dette: