Kroniske muskel- og leddsmerter

Har du kroniske muskel- eller leddsmerter? Ein studie ved University of Rochester Medical Centre i New York viser at akupunktur reduserer smerter. Studien som vart publisert i Nature Neuroscience, viste at akupunktur stimulerer kroppens naturlege smertedøyvarar. Ettersom dei fleste kroniske smerter skyldas inflammasjon, kan ein lindre kroniske ledd- og muskelsmerter ved å sette akupunkturnåler som stimulerer til produksjon av Adenosin. Dette er eit svært verknadsfullt anti-inflammatorisk og smertestillande kjemikalie.

I ein amerikansk metastudie om «Akupunktur og kroniske smerter» frå 2012, undersøkte ein effekten av akupunkturbehandling på lidingar som osteoaritt, kronisk hovudverk, skulder, rygg- og nakkesmerter. Studien var ein systematisk gjennomgang for å identifisere randomiserte kontrollerte studiar om akupunktur som behandling for kroniske smerter. Totalt inngjekk 29 studiar og 17.922 pasientanalyser. Resultatet vart at pasientane som fekk akupunktur hadde mindre smerter enn dei som ikkje fekk akupunktur. Det vart difor i studien konkludert med at akupunktur er effektivt i behandling av kroniske smerter og difor er eit fornuftig alternativ til tradisjonell vestleg medisinsk behandling.

Betra livskvalitet ved nakke- og skuldersmerter

Målretta akupunkturbehandling etter den kinesiske tradisjonen kan betre jobbyting, søvnkvalitet, angst, depresjon og livskvalitet hos kvinner med kroniske nakke- og skuldersmerter. Det viser en studie som doktorgradsstipendiat He Dong ved Institutt for allmenn- og samfunnsmedisin, Universitetet i Oslo, har utført i samarbeid med forskere ved STAMI.

24 kvinnelege kontorarbeidarar mellom 20 og 50 år med kroniske nakke- og skuldersmerter deltok i studien. Desse vart delt i ei testgruppe og ei kontrollgruppe, der begge gruppene fekk akupunktur 10 gongar i løpet av 3-4 veker. Men medan testgruppa fekk akupunktur i kjente akupunkter, fekk kontrollgruppa behandling i punkt som ikkje har nokon verknad for å avdekke eventuell placeboeffekt. Mellom behandlingane fekk pasientane øreakupressur, som er ein form for akupunkturbehandling for øret.

Deltakarane fylte også ut skjema om sosiale og psykososiale faktorar før kvar behandling, like etter at  behandlingsserien var avslutta, seks månadar etter avslutta behandling og tre år etter avslutta behandling.Studien viste at kvinnene i testgruppa fekk mindre problem med å utføre arbeidet. Dei fekk også betydeleg betre søvnkvalitet, mindre angst og depresjon og blei meir fornøgde med livet generelt. Resultatet var ytterlegare forbetra ved oppfølgingsundersøkingar både 6 månader og 3 år etter avslutta behandling. Forsking på de same pasientane har tidlegare vist at akupunkturen reduserer kroniske smerter i nakke og skulder og at effektane er langvarige (minst tre år).

Kilder:

Effect of intensive acupuncture on pain-related social and psychological variables for women with chronic neck and shoulder pain – an RCT with six month and three year follow up.

Effect of acupuncture treatment on chronic neck and shoulder pain in sedentary female workers: a 6-month and 3-year follow-up study.

Del dette: