Kva er akupunktur?

Akupunktur er ein gamal kinesisk behandlingsform som gjennom både lang erfaring og moderne medisinsk forskning har vist seg å være ein effektiv behandlingsmetode med svært få bivirknader.

I kinesisk medisin ser ein på kroppen som ein heilheit beståande av ei rekke vitale organ og energibaner (meridianar) som binder organa saman. I dette kretsløpet skal energien (qi) strømme fritt og harmonisk. Dette er ein forutsetning for god helse.

Innan kinesisk medisin tenkjer ein at sjukdom oppstår som følgje av at kroppens sin vitale energi (Qi) ikkje flyter fritt. Ubalanse kan skyldas mange faktorar, dei vanlegaste er kosthald, kjensle messig og fysisk stress, røyk, hormonell ubalanse, infeksjonar eller skade.

Hensikta med bruk av nåler er å få energien til å flyte gjennom kretsløpet. Akupunktur stimulerer dermed kroppens eigne helbredningsprosessar. Når vi sett nålene ynskjer vi at du skal kjenne prikking eller nummenheit i nålepunktet. Det er teikn på at energien beveger seg og at behandlinga verkar. Dei fleste føler seg svært avslappa i kroppen når dei får behandling og det er ikkje uvanleg at folk dupper av. Likeeins kan nokon kjenne seg trøyte rett etter behandlinga, medan andre kjenner på auka energi og glede. Det er ein heilt naturleg del av behandlinga. Vi brukar veldig tynne, sterile eingongsnåler.

Stadig fleire vel akupunktur for å kvitte seg med, dempe eller førebygge plager av forskjellig slag. Akupunktur kan behandle veldig mange ulike plager, som til dømes:

  • Migrene/hovudsmerte
  • Eksem/allergi (mat og pollen)/astma
  • Høgt blodtrykk
  • Søvnproblem
  • Stress og uro
  • Menstruasjonsproblem
  • Urinvegsproblem
  • Infertilitet (både menn og kvinner)
  • Svangerskapskvalme
  • Mangel på morsmjølk
  • Overgangsplager
  • Muskel- og skjelettplager
  • Fibromyalgi
  • Reumatiske plager
  • Fordøyingsproblem/-sjukdommar
  • Tinnitus
  • Kvalme (til dømes postoperativ etter cellegiftbehandling)
  • Lettare plager med angst og depresjon
  • Spedbarnskolikk (akupunktøren må ha vidareutdanning i barneakupunktur)

Denne lista er ikkje uttømmande. Om du ynskjer behandling for andre sjukdommar eller helseplager, kan du gjerne kontakte oss for å høyre om dette er noko vi kan hjelpe deg med.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål omkring akupunktur eller ynskjer å undersøke om dette kan være noko for deg!