Om oss

Om Helene

Helene var utdanna sjukepleiar i 1988 og tok vidareutdanning som operasjonssjukepleiar i 1996. Ho har sidan jobba ved operasjonsavdelinga ved Førde sentralsjukehus. I 2001/2002 tok ho vidareutdanning i rettleiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før ho i 2008 begynte på Akupunkturhøyskolen i Oslo (sidan Campus Kristiania).

I 2012 hadde ho fullført bachelorgraden og vart uteksaminert som akupunktur. I samband med utdanninga hadde ho 4 veke praksis i Nanjing i Kina, der ho arbeidde ved eit akupunktursjukehus og deltok på førelesingar ved University of Nanjing.

Ho har sidan 2012 jobba som akupunktør ved Førde Akupuntur AS. Helene har seinare tatt fleire kurs, som til dømes kurs i barneakupunktur hjå Julian Scott. Dette kurset er eit krav frå akupunkturforeininga for å kunne få behandle born. I tillegg har ho kurs i kosmetisk akupunktur hjå Radha Thambirajah.

Kva får du?

Helene er medlem av Akupunkturforeninga. Som fullverdig medlem av Akupunkturforeininga pliktar ho å følgje deira regelverk og forskrifter vedtatt av offentlege myndigheiter, som til dømes krav til ansvarsforsikring, teieplikt og journalplikt.

Vi er 100 % fokusert på deg når du er til behandling. Ved første konsultasjon settast det av rikeleg med tid, slik at du får høve til å fortelje kva du treng hjelp til og stille spørsmål om det er noko du lurer på. Først når vi veit kva behov du har, kan vi gje deg den mest optimale behandlinga. I behandlinga brukar vi sterile eingongsnåler, eventuelt varmelampe og/eller massasje ved behov.

Førde Akupunktur AS

Førde Akupunktur AS held til i Storhagen 9 i Førde i Sogn og Fjordane. Klinikken ligg i 3. etasje i Handelshus sør. Det er gode parkeringstilhøve både utanfor og i parkeringshuset. Heisen går rett opp til klinikken og er difor lett tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Opningstider

Måndag kl. 17.00 – 20.00
Tysdag: stengt
Onsdag: Stengt
Torsdag kl. 17.00 – 20.00
Fredag: stengt