Mange som er ufrivillig barnlause opplever å være «uforklarleg barnlause», det vil si at det ikkje er nokon gynekologisk forklaring på barnløysa. Teikn/årsaker på ufrivillig barnløyse kan være:

  • Manglande menstruasjon
  • Uregelmessig menstruasjon
  • Lang syklus – for få blødingar
  • Spenningar i underlivet og bekkenområdet som reduserer blodgjennomstrøyminga
  • Alder
  • Underlivssjukdommar som PCO, PCOS og Endometriose
  • Nedsett sædkvalitet
  • Stress, irritasjon, angst/nervøsitet sett seg i kroppen som blokkeringar

Om du har planlagt eller allereie er i gong med medisinsk behandling, kan akupunktur være eit godt supplement til behandlinga. Med akupunkturbehandling kan ein oppnå følgjande:

  • Reduserte biverknader som hovudverk, kvalme, hetebylgjer, irritabilitet og trøttheit
  • Auka mentalt overskudd og auka velvære, fordi akupunktur verker avslappande på kroppen slik at du lettare taklar den stressande situasjonen du er i
  • Auka mottakelegheit for hormonstimulering, det vil si auka antall modne egg og tjukkare livmorslimhinne.
  • Auka blodsirkulasjon til eggstokkar og livmor, det vil si auka næring til befrukta egg når det skal sette seg fast i livmora.

Akupunktur og IVF

Det er dei seinare åra gjort ein del forsking på IVF og akupunkturbehandling som tydar på at akupunktur har ein positiv effekt på prøverørsforsøk. Dette blir i dag praktisert ved fleire infertilitetsklinikkar i Norge. Det er gitt tilbakemelding frå pasientar om at behandling med akupunktur undervegs under nedreguleringa og hormonbehandlinga hjelper å redusere stress og ubehag.

Frå Infertilitet til graviditet med akupunktur

Ein klinisk studie viser at akupunktur og kinesiske urter har potent effekt i å reversere infertilitet. Deltakarane i studien inkluderte også dei som nytta IVF, IUI og dei utan biomedisinsk hjelp. Alle typar viste markant auka graviditetsrate.

Dei fleste kvinner i undersøkinga blei gravide innan dei første 12 mnd. Akupunktur var hovudbehandlingsmetoden. Det blei gjeve akupunktur 2-3 gonger per veke etter menstruasjon, under eggløysing blei det gjeve akupunktur 3 påfølgande dagar (dag 12, 13 og 14). Under lutealfasen vart det gitt akupunktur 2-3 gonger pr veke. Ein stimulerte til DeQi ved kvart punkt 2 gonger og behandlingane varte i 25 minuttar.

Forskarane konkluderte også med at kvinner som fekk akupunktur samtidig som dei fekk IVF behandling opplevde å bli mindre engstelege.

Mannleg infertilitet

Forskarar konkluderer med at akupunktur gjenopprettar sperma motiliteten. Normal behandlingsvarigheit er omkring 10 behandlingar.

Kilde: 

 

Del dette: